Nesholmen - meir enn leir -   
Adresse: 6829 Hyen   Telefon: 57 86 96 54 / 909 24 500   Fax: 57 86 96 72

                   

Nesholmen høver godt for større og mindre selsap


I ein lys og triveleg matsal kan vi dekke til langt over hundre gjestar.

Vi har høvelege lokale for store og små tilskipingar som barnedåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Her kan ein samle mange til fødselsdagar, slektsstemne og andre merkedagar i familie og slekt. Også mindre grupper kan finne rom og mat som høver. "Bestestova" i gamlebygget er  pussa fint opp med nye møblar, og vi har høyrt mange lovord om kor vakker og triveleg stove det er.


Den rommelege vestibylen, som er utstyrt med gode sitjegrupper, kan utvidast med kapellet ved å opne ei foldedør.