Nesholmen - meir enn leir -   
Adresse: 6829 Hyen   Telefon: 57 86 96 54 / 909 24 500   Fax: 57 86 96 72

                   

Dugnadsdag på Nesholmen laurdag 24.04.2004


Unni Lundgren svingar riva over fjorgamalt lauv og rusk.


Alf Reidar og Martin grev hol for korgballstativ i lag med Narve og Nils.


Rannveig syter for at det vert reint og triveleg på toaletta.


Vaskegjengen brukar mykje vatn og grønsåpe, og det luktar reint.


Utruleg mykje rusk og rask driv i land gjennom ein lang haust og vinter.


Oddny bakar gjærbakst til kaffien medan betasupa putrar i gryta.


Rigmor Nydal og Gunnvor Grøvlen reparerer møblane i vestibylen.


Dugnadsgjengen får servert nydeleg betasupa som gjev nye krefter.


Bak disken i kafeen stod to nydelege naustdalsjenter; Frida og Andrea.


I læreplan 97 er det noko som heiter elevens val, der elevane sjølve kan velje ulike aktivitetar, anten åleine eller i grupper. Dei to 11-åringane på Naustdal skule, Frida Hjelle Aamot og Andrea Skaflestad Kvamsdal, har valt å sjå nærare på bedrifta Nesholmen. For å gjere seg kjende med kva staden driv med og står for, hadde dei sett av ein heil dag til å vere med på arbeidet og aktivitetane på Nesholmen. Dei såg ut til å trivast godt med valet sitt.