Nesholmen

    Nesholmen - meir enn leir -   
Adresse: 6829 Hyen   Telefon: 57 86 96 54 / 909 24 500   Fax: 57 86 96 72

                   

VIL DU JOBBE FOR OSS? Sjå Annonse i word-format, kan prentast ut

Nesholmen har mange spennande tilbod
Mange veit for lite om Nesholmen. Det meinar Aud Kari Solheim som er dagleg leiar for denne omfattande verksemda ved Storefjorden i Hyen. Nesholmen er leirstad for Sogn og Fjordane krins av Noregs KFUK-KFUM, men har tilbod om mykje meir enn leir. Her har vi ein høveleg og utruleg vakker stad for ulike samkomer og tilstellingar. Vi har høvelege lokale både for store og små tilskipingar. Barnedåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd har vi god røynsle med å legge til rette for. Her kan ein samle mange til årmålsdagar, slektsstemne og andre merkedagar i familie og slekt. Men også mindre grupper kan finne rom og mat som høver. "Bestestova" i gamlebygget er  pussa fint opp med nye møblar, og vi har høyrt mange lovord om kor vakker og triveleg stove det er.

Eit rusfritt alternativ
Nesholmen har ikkje skjenkeløyve, og det brukar vi som eit stort pluss i marknadsføringa. For mange set stor pris på å kunne feire familiefestar og andre lag i eit rusfritt miljø. Elles er her ingen grenser for glad og sunn livsutfalding. Vil folk danse i bryllaup, er det fritt fram for det. Og born og unge kan drive med mange ulike aktivitetar dei måtte ha interesse av.


Framfor hovudhuset er det baner for ulike ballspel.

Høver godt for grupper og skuleklassar
Vi har vitjing av mange ulike grupper. Særleg gledeleg er det at skulane i Førde og Florø har vist aukande interesse for å bruke våre tilbod til sine elevar. Her har vore slektsstemne og besøk av pensjonistforeiningar, og tyske turistar har hatt fast tilhald her i fleire sesongar. Dei kjem att år etter år. Vi har hatt særs vellukka arrangement for familiar med psykisk utviklingshemma. Meir tilfeldige besøkande kjem også innom og gjer seg nytte av kafeen vår.
Målet for verksemda er ikkje fyrst og fremst å tene pengar. Vi satsar på å gje rimelege tilbod til deltakarar og gjester, samstundes som vi må halde drifta i balanse.

Dugnad
Nesholmen er eit stort anlegg med mange bygningar og mykje utstyr. Det krev stødig tilsyn og mykje vedlikehald. Narve Eimhjellen er vaktmeister og gjer ein framifrå jobb på dette feltet. Men mykje vedlikehaldsarbeid eignar seg også godt til dugnad, og her hadde det vore fint om endå fleire hadde meldt seg til innsats. Her er nok av oppgåver både inne og ute med rydding og måling og anna vedlikehald.
Siste laurdagen før 1. mai er vanlegvis avsett til dugnadsdag. I år (2004) var eit trettital dugande og flittige nesholmen-entusiastar samla til innsats med mykje aktivitet på både ute og inne. Vi har lagt ut nokre bilete som viser litt av dugnadsgjengen både i arbeid og sosialt samver. Sjå album.


I år fekk leikeplassen eit ansiktsløft. Her er det klart for såing.

Aktiv fritid
Nesholmen er staden for aktiv fritid. Med kano og robåt, flotte badeplassar i sandviker og på svaberg, fine fiskeplassar frå land og i båt, baner for fotball, korgball og sandvolleyball, grill- og leikeplass. Godt tilrettelagt for rørslehemma.

Nesholmen er staden for naturopplevingar for store og små, få eller mange. Den utruleg vakre naturen innbyr til korte og lange turar i skog og fjell, på skogsvegar og i kulturlandskap. I Hyen er det dessutan mange sjåverdige kulturminne som er både spennande og interessante å sjå nærare på.

Nesholmen er staden for bryllaup, slektstemne, jubileum og fødselsdagar. Og han ligg sentralt ved 
rv. 615 midt mellom Hyen og Storebru, mindre enn ein time frå Førde, Florø og Sandane.

Ta gjerne kontakt om du ynskjer meir informasjon om tilboda våre.

Bli fast gjevar til Nesholmen!
Kontonr. 3710.15.71573
Vi takkar hjarteleg for alle gåver!

Hugsar du kor kjekt vi hadde det på leir? Vi er nok mange tusen som har glade minne om leir og andre trivelege samvær på Nesholmen. Vi er takksame mot dei som bygde opp og dreiv verksemda vidare på leirstaden. Og Gud velsigna arbeidet! Etter over femti års drift er det framleis stadig fulle hus på Nesholmen i sommarhalvåret. No gjeld det å ta vare på dette store anlegget så born og unge, og vaksne med, kan få gode opplevingar der i tida som kjem.
Store deler av anlegget og utstyret er gammalt og slite etter flittig bruk. Det krev mykje vedlikehald og stundom utskifting. Oppgradering og nytt utstyr må til for å møte nye behov. Alt dette kostar sjølvsagt mange pengar, sjølv om mykje kan gjerast på dugnad. Kvart år brukar frivillige mange timar og dagar på ulike former for dugnadsinnsats. Andre ville gjerne ha vore med på dugnaden, men har ikkje høve til det. Då er pengegåver eit godt alternativ.
Vi vender oss difor frimodig til dykk som ser kor verdfull leirstaden er, og bed dykk vere med i ei fast gjevarteneste til Nesholmen. Det kan ordnast på ulike måtar alt etter som det høver for den einskilde. I det følgjande gjer vi nærare greie for korleis vi legg dette til rette.

Bidrag til faste tider . Dette kan best ordnast med           avtalegiro. Då gjer du avtale med banken din om eit fast   beløp som vert overført til Nesholmen på tider som høver for deg, til dømes ein fast dato kvar månad. Dersom du ønskjer det, kan desse gåvene gje deg frådrag i skatten.

Last ned word-fil med skjema her.

Skattefrådrag. Staten gjev frådrag i skatten for gåver over 500 kroner og inntil totalt 12.000 kroner kvart år til  landsdekkande frivillige organisasjonar.   Norges KFUK-KFUM med sine underavdelingar kjem inn under denne ordninga. Sidan Sogn og Fjordane krins av Norges KFUK-KFUM eig Nesholmen, kan også gåver til Nesholmen gje rett til skattefrådrag.
For å få skattefrådrag må du gje opp personnummeret ditt til Nesholmen. Det må til for at leirstaden  ved slutten av året skal kunne rapportere beløpet til skattevesenet på rett person.
Du kan sjølvsagt bli fast gjevar utan å gå inn på ordninga med skattefrådrag. Då fyller du berre ut del A på slippen.

Linkar:   KFUK-KFUM Sogn og Fjordane     Kyrkja i Gloppen     Gloppen kommune

Takk for at du såg innom sida vår. Legg gjerne igjen ei helsing i gjesteboka vår "Hallo Nesholmen".